NVE sin oppsummering av kraftsituasjonen i veke 1, 2024

Kaldt vêr bidrog til høgare forbruk og kraftprisar i Norden 

Førre veke var Norden prega av veldig låge temperaturar, spesielt mot slutten av veka. Fredagen hadde fleire område i Søraust-Noreg (NO1) den kaldaste dagen sidan 1987. Dette bidrog til det høgaste dagsforbruket i Noreg sidan februar 2021. Fleire områdar i Finland og Nord-Sverige (SE1 og SE2) hadde temperaturar under -30 gradar, som bidrog til høg etterspurnad og høge prisar. Sjølv om Finland hadde full kjernekraftproduksjon, og mykje kol- , gass- og vindkraftproduksjon, var dei avhengig av å importere kraft frå Sverige og Estland for å dekke etterspurnaden. 

 

Mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5) var det ingen handel av kraft i spotmarknaden i veke 1. I følgje Statnett kjem dette av ugunstige lastforhold på vestkysten av Noreg. Same forklaring vart også nytta for å redusere importkapasiteten frå England. 

 

Dei låge temperaturane bidrog til særs høge prisar i Noreg. På fredag kl. 17 hadde Søraust-, Vest- og Midt-Noreg (NO1, NO5 og NO3) ein kraftpris på 593 øre/kWh. Grunna avgrensingar i overføringskapasiteten hadde Sørvest-Noreg og Nord-Noreg (NO2 og NO4) ein timepris på høvesvis 118 og 67 øre/kWh på same tidpunkt, noko som var dei lågaste prisene i NordEuropa. Trass i låge temperaturar vart det ikkje ny effektrekord i Noreg. Høgaste forbruket en enkeltime vart 24 930 MWh, 300 MWh lågare enn rekorden 25 230 MWh. 

 

Vêr og hydrologi 

I veke 1 var temperaturen omkring 10 – 11 grader under vekegjennomsnittet for dei siste 20 åra på Aust- og Sørlandet, 7 – 8 grader under gjennomsnittet på Vestlandet og i Trøndelag og 5 – 6 grader under gjennomsnittet i Nord-Noreg. For veke 2 er det venta mildare vêr med temperaturar som er 0 – 3 grader under vekegjennomsnittet i Sør-Noreg og 0 2 grader voer vekegjennomsnittet i Nord-Noreg. 

For veke 1 er det berekna eit tilsig på 0,4 TWh, eller 30 prosent av gjennomsnittet for veka. For veke 2 er det venta eit tilsig på 0,7 TWh, eller 70 prosent av gjennomsnittet for veka.

NVE - Kraftsituasjonen

Forrige
Forrige

Straumprisindeksen: Kraftimport bidro til å halde straumprisane låge i desember

Neste
Neste

God jul frå oss i Fitjar Kraftlag