Statnett legg til rette for enklare tilknytning for kundar i Sunnhordland

Statnett har bestemt at kundar i Sunnhordland, inkludert Fitjar, no kan få enklare tilknyting til straumnettet.
Grensa for kva som må godkjennast av Statnett er heva frå 1 MW til 5 MW.

Det betyr at fleire bedrifter, bustadprosjekt og andre utbyggingar kan søkje direkte til Fagne AS , utan å gå vegen om Statnett. Resultatet blir kortare ventetid og enklare prosessar.

For å møte auka behov planlegg Statnett også nye tiltak i regionen, mellom anna ein ekstra transformator i Midtfjellet og ny leidning til Søreide.

Dette blir omtalt som eit viktig steg for vidare vekst og elektrifisering i Sunnhordland.

Les meir om det her: Statnett legger til rette for enklere tilknytning for kunder i Sunnhordland

Neste
Neste

Fitjar Kraftlag 90 år