Avvikling av strømproduktet «Standard Variabel»

Kraftmarknaden er i ubalanse, med store svingningar time for time, og det er svært vanskeleg å sette riktig pris på produktet «Standard Variabel». Slik som marknaden er no vil me gå vekk frå dette produktet og kun tilby strømproduktet «spot time for time». Det er det produktet forbrukerrådet anbefaler. 

Forskjellen mellom strømproduktet «Standard Variabel» og «Spot time for time»: 
Med strømproduktet «Standard Variabel» har du betalt samme pris pr kWh heile døgnet, og det er 14 dagars varsling før prisendring. 

Med «spot time for time» betalar ein den prisen strømmen kosta akkurat den timen du bruker strømmen, så då kan de som kundar vera med å påvirka dykkar eigen strømfaktura. Det gjer du med å fylgje med på timesprisane frå Nord Pool. De har då mulighet til å påvirka strømforbruket dykkar slik at de brukar minst strøm i dei dyre timane og gjerne meir strøm i dei timane som er billigare. 

«Spot time for time» samsvarar og på ein bedre måte med dei nye nettleigetariffane som vart innført frå 1. juli 2022. Her vert det lagt opp til at ein bør jevne ut strømforbruket sitt gjennom døgnet og unngå forbrukstoppar, slik at ein betalar lavast mulig kapasitetsledd.  

Det skal altså lønne seg å fylgje litt med på strømforbruket sitt og kvar enkelt skal ha mulighet til å påvirke sin faktura. 

Frå 08.09.22 vil me difor flytte alle våre kundar på «Standard Variabel» over på «spot time for time». Då vil alle våre kundar ligge på eit spotprodukt. 

Strømstøtte 

Regjeringa har innført strømstøtte. Her kan du lesa meir om kven som mottar strømstøtte og kva satsar som gjeld: https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/kunde/strom/spoersmaal-og-svar-om-stroemstoette-for-hoeye-stroempriser/  

App 
Me arbeidar med å få lansert vår eigen app som blant anna kjem til å visa timesprisar og forbruket ditt. Me vil komma ut med meir informasjon så snart det er klart, men håpar å få denne på plass i løpet av hausten. I mellomtida kan du fylgjer straumprisane på nettsida til Nord Pool, https://www.nordpoolgroup.com/en/Market-data1/Dayahead/Area-Prices/NO/Daily/?view=table, her får du enkel oversikt over spotprisane (vises utan mva og påslag) i dei ulike områda. Fitjar tilhøyrer prisområde “Kristiansand, NO2”. Eit godt alternativ kan vera å lasta ned appen “Nord Pool” via appstore.

Følg oss gjerne på Facebook for å få fortløpande informasjon om strømstøtte, strømsituasjonen og liknande. 

Forrige
Forrige

Straumstøtte for august 2022

Neste
Neste

Straumstøtte for juli 2022