Fitjar Kraftlag 90 år!
I dag feirar me 90 år med kraft, utvikling og samfunnsbygging!
Sidan 1935 har me vore ein trygg og framtidsretta aktør i bygda, med fokus på kundar, arbeidsplassar og lokale verdiar.
Me støttar idrett, kultur og ungdom – og jobbar kvar dag for å gjera Fitjar til ein kjekk og god plass å bu og leva.
Fitjar Kraftlag har ei stolt historie, og det er ingen tvil om at me har ambisjonar om å bidra til utviklinga av samfunnet også i framtida.
Me har alltid hatt eit nært forhold til lokalsamfunnet, og denne relasjonen er ein viktig del av suksessen vår.
No ser me fram til nye utfordringar og moglegheiter i dei neste 90 åra!
Hald av laurdag 27. september – då blir det folkefest i bygda når me skal feire vår 90 årsdag!
Meir info kjem snart!