Fitjar Kraftlag inviterar til sorgseminar
Fitjar Kraftlag inviterar deg til å delta på gratis seminar om sorg, der me set fokus på korleis me kan handtere sorg, støtte kvarandre, og skape rom for å dele erfaringar.
Maren Ingvaldsen og Kjersti Helland frå Sjømannskyrkja vil halde seminaret. Der vil dei dele innsikt og erfaringar om korleis me kan handtera sorg, støtte kvarandre og finne håp i ein vanskeleg situasjon.
Dato: 21.01.2025
Stad: Fitjar Kultur og Idrettsbygg
Me tilbyr to tidspunkt for seminaret slik at fleire får moglegheit til å delta:
• Føremiddag: 09.00 – 11.30
• Ettermiddag: 16.30 – 19.00
Lett servering
Etter seminaret inviterar me til enkel servering, der det er moglegheit for uformelle samtalar og refleksjon.
Påmelding
Seminaret er gratis, men me ynskjer påmelding slik at me kan planleggje servering og plass.
Påmelding kan gjerast på mail: post@fitjar-kraftlag.no eller på tlf: 534 57 600
Påmeldingsfrist: 17.01.2025
Me håpar å sjå deg der!
Sponsor
Fitjar Næringsråd
Fitjar Kommune
Verdig gravferd
Engevik og Tislevoll