Fitjar Kraftlag vart tildelt næringsprisen i Fitjar kommune

Fitjar Kraftlag er stolte vinnarar av årets næringspris! Denne utmerkinga betyr mykje for oss ❤️
Det er ei anerkjenning av vårt arbeid som pådrivar for samfunns- og næringsutvikling her i bygda.
Me er opptekne av å skapa vekst og moglegheiter – ikkje berre for kraftlaget, men for alle som bur og driv verksemd på Fitjar.
Resultata våre er eit produkt av samarbeid, engasjement og lokalt initiativ, og ikkje minst den fantastiske innsatsen frå dei tilsette opp igjennom Fitjar Kraftlag sin historie. Gjennom hardt arbeid, pågangsmot og stoltheit for lokalsamfunnet har dei vore med på å byggja opp Fitjar Kraftlag til den solide bedrifta me er i dag.
Tusen takk til alle som har trua på oss og heiar på lokalsamfunnet vårt.
Me ser fram til å halda fram med å bidra til utvikling, vekst og fellesskap!

Forrige
Forrige

Straumprisindeksen: Straumfakturaene steig i november, trass låge straumprisar

Neste
Neste

Utbetaling av kjøpsutbyte 2024