Høge straumprisar
August månad vart den augustmånaden med den høgaste straumprisen nokonsinne.
Gjennomsnittsprisen låg på heile på 75 øre/kWh eks. mva og påslag
Tørt og varmt vær her heime, lite vind og uvanleg høge straumprisar i Europa fører til prisoppgong.
No er hausten rett rundt hjørnet, det vil bli kaldere og straumforbruket vil deretter auke, noko som gjør at straumfakturaene vil auke.
Her er nokre enkle tips for straumsparing i haust og vinter:
Senk innetemperaturen med 1 grad. For kvar grad du senker innetemperaturen, sparar du cirka fem prosent av kostnadene til oppvarming.
Bruk tidsstyring av varmekildene. Med tidsstyring kan du spare straum ved å bruke varme kun når du treng det.
Luft kjapt og intensivt.
Trekk for gardinene om kvelden. Dette reduserer varmetapet.
Skru av lys og varme i rom som ikkje er i bruk.
Fyr med ved dersom du har moglegheit.
Ta kortare dusjer. Nest etter oppvarming av boligen, bruker me mest straum på oppvarming av vatn. Derfor kan det være lurt å ta kortare dusjer når straumprisane er høge.
Forsøk å senke temperaturen på varmtvatnstanken til 65 grader.
Vent med å kjøre vaskemaskin og oppvaskmaskin til dei er helt fulle og reduser bruken av tørketrommel.
Bruk sparepærer eller LED-pærer utendørs og i kalde rom.
Meir info, sjekk ut: Derfor er strømprisen uvanlig høy i år
Ta kontakt med oss viss du har spørsmål om straumprisar
Og husk, blir du medlem hos oss får du kjøpsutbyte på all handel du har med oss!