Innkalling til årsmøte 2021
Dato: Torsdag 10. juni 2021
Tid: kl. 19.00
Stad: Fitjar Kultur-/ og Idrettsbygg, kultursalen
Med bakgrunn i gjeldande smittervern tiltak og smittevern reglar frå myndighetene må me ha påmelding til årets årsmøte.
Påmelding på epost til post@fitjar-kraftlag.no innan mandag 7. juni. Registrering vert som vanleg. Det vert ikkje servering.
Sakliste:
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2. Val av teljekorps
Sak 3. Val av møteleiar
Sak 4. Val av to personar til å underskrive møteprotokollen
Sak 5. Styret si Årsmelding og Årsrekneskap for 2020
Sak 6. Disponering av overskot
Sak 7. Forrenting av medlemskapitalen
Sak 8. Fastsetting av godtgjersle til styret
Sak 9. Fastsetting av godtgjersle til valnemnd
Sak 10. Fastsetting av godtgjersle til revisor
Sak 11. Val av styremedlemmar, styreleiar, varamedlemmar og valnemnd
Last ned:
Sakspapir vert også lagt ut hos Fitjar Kraftlag i Årskog frå 3. juni 2021.
Vi opnar for registrering kl. 17.00 på møtedagen, registreringa sluttar kl. 18.30. Ein kan og registrera seg på Kraftlaget same dag mellom kl. 08.00 – 15.00.
Vel møtt!
Helsing
Fitjar Kraftlag SA v/ styret