Kontoret stengt for besøkande grunna smittesituasjonen
Fitjar Kraftlag er leverandør av fibernett i Fitjar. Det er viktig infrastruktur og difor er det viktig at me held oss friske.
I tillegg er det viktig å forebygge smitte for å verne om dei mest utsette gruppene i samfunnet vårt.
Grunna smittesituasjonen, stenger me kontoret vårt på Årskog for besøkande inntil vidare.
Har de spørsmål eller treng hjelp, så ta gjerne kontakt med oss på vårt sentralbord tlf: 53457600, kundeservice breiband: 53457601 eller e-post: post@fitjar-kraftlag.no, så skal me hjelpa dåke så godt me kan.
Ta godt vare på kvarandre- og deg sjølv!