Rekordhøge straumprisar
Enda ein rekordhøg straumpris!
Kaldare vær gir høge straumprisar framover.
Imorgon vil me dessverre oppleva enda ein rekordhøg spotpris. Med ein gjennomsnittpris på 3,95 kr og den dyraste timen mellom kl 17 - 18 på 6,12 kr utan moms og nettleige, er ikkje dette kjekke nyheter.
Når det er kaldt og lite vind, blir tilgongen til straum mindre. Då må me dessverre betala meir for straumen me leverar til deg, som igjen påverkar straumprisen din.
Markedsprisen er ikkje noko me bestemmer over.
Heldigvis har regjeringa komen med ein kompensasjonsordning for privatpersonar, der staten vil dekkje 55 prosent av rekninga for straumforbruk over dette nivået, inntil 5000 kWh per månad.
Dette kjem som fråtrekk på nettleiga og du vil sjå dette på fakturaen i januar 2022 for straumforbruket ditt no i desember.
Her finn du ein kalkulator der du kan rekna deg fram til kor mykje straumstøtta frå staten vil slå ut på straumrekninga di: Rekn ut straumkompensasjonen
Meir info om statens kompensasjonsordning finn du her: Kompensasjonsordning for høge straumprisar