Straumstøtta blir forlenga til og med mars 2023
Regjeringa vil forlenge straumstøtteordninga for hushaldningar til og med mars 2023. Forlengelsen skjer på bakgrunn av oppdaterte vurderingar av kraftsituasjonen framover.
Alle privatkundar vil motta støtte for straumen dei brukar der dei bur.
Dersom gjennomsnittleg spotpris der du bur er meir enn 70 øre/kWh eks mva i løpet av ein månad, vil staten dekkje 80% av prisen over dette nivået.
Du treng ikkje å gjere noko for å motta denne kompensasjonen, det blir trukket automatisk frå nettleiga.
Om du har standard variabel, fastpris eller spotavtale, det har ingenting å seie kva du betalar for straumen eller hvilken straumavtale du har. Alle blir kompensert utifrå den gjennomsnittlege spotprisen i prisområdet der du bur.
Me har fem forskjellige prisområder for straum i Norge. Kor mykje du får tilbakebetalt avhenger av den gjennomsnittlege spotprisen i prisområdet der du bur.
Her finn du meir informasjon om straumstøtteordninga, Spørsmål og svar om straumstøtta