Utbetaling av kjøpsutbytte!

Artikkel i Fitjarposten 10.12.2020:

Fitjar Kraftlag gir millionar til innbyggjarane

For første gong i Fitjar Kraftlag si historie vert det utbetalt kjøpsutbytte til alle medlemmane.

Totalt fem millionar kroner skal delast ut når Fitjar Kraftlag betalar ut kjøpsutbytte til medlemmane sine. 655 medlemmar vil snart få ein hyggjeleg sum på kontoen.

- Det er veldig kjekt å vera med å dela av overskotet som me har vore med å skapt i lag med medlemmane våre. Å gi noko tilbake til lokalsamfunnet er noko me synest er heilt fantastisk, seier styreleiar i Fitjar Kraftlag, Agnar Aarskog.

Størrelsen på utbyttet til kvar enkelt medlem varierar etter kor stor handel ein har hatt med Kraftlaget, men dei fleste vanlege kundane vil få mellom 7000 og 10.000 kroner som ei fin julegåve.

Fitjar Kraftlag har tre grunnpilarar dei styrer etter når dei skal disponera overskotet: Utbytte til medlemmane, ålmennyttige tiltak (gåver til lag og organisasjonar og delta i utvikling av lokalsamfunnet), og vidareutvikling av selskapet.

- Fitjar Kraftlag er eit samvirkelag eigd av medlemmane. Me håpar difor at flest mogleg vil vurdera å bli medlem hos oss, seier dagleg leiar i Fitjar Kraftlag, Therese Nysæther.

- Støttar du Fitjar Kraftlag, så støttar du lokalsamfunnet. Me ønskjer det beste for Fitjar og for medlemmene våre, seier Nysæther.

Etter at Haugaland Kraft kjøpte nettverksemda til Fitjar Kraftlag, er det mange som kanskje er usikre på kva som må til for å kunna bli godkjent som medlem.

Tidlegare var det nemleg dei som hadde nettabonnement som kunne vera medlem, men sånn er det ikkje lenger. No er kriteriet for å vera medlem at du er kunde av Fitjar Kraftlag og har bustad, eigedom eller forretningsadresse i det gamle området til Fitjar Kraftlag.

- Ein ting kundane må vera obs på er at kundeforhold og medlemskap må stå på samme person. Så dersom f. eks breibandsabonnementet står på kona og straumabonnementet på mannen må begge to vera medlem for å få kjøpsutbytte på all handel.
Det betyr at alle må bli medlem for å få utbytte, seier Aarskog.

Ikkje fortvil om dette høyres komplisert ut. For det er nemleg svært enkelt å bli medlem. Det er berre å gå inn på Fitjar Kraftlag sine nettsider og trykka på "bli medlem", så er det gjort i ein fei.

- Det kostar 1500 kroner, men dei pengane får du attende viss du ikkje lenger vil vera medlem. Så det er ikkje nokon ulempe med dette. Er du medlem kan du også gå på årsmøtet, og får vera med å påverka selskapet.

Dei som teiknar medlemskap no, vil få utbytte i frå den månaden dei vert medlem. Ved registrert innbetaling er medlemskapet gjeldande.

- Det blir nok ikkje fem millionar i utbyte kvart år. Me hadde eit veldig godt resultat i fjor, og hadde høve til å setja av så mykje, men me vil legga opp til utbytte også i åra framover. Størrelsen på utbytte er det årsmøtet som avgjer, men det er ingen tvil om at det vil løna seg å vera medlem, seier Aarskog.

 

Forrige
Forrige

Vårkampanje på nyinstallering av fiber

Neste
Neste

ALTIBOX FASAR UT GAMMAL TV-LØYSING