6,5 millionar i kjøpsutbytte
I juni i år, vedtok årsmøtet å dela ut 6,5 millionar kroner i kjøpsutbytte til medlemane våre etter handelen dei hadde i 2023.
Kjøpsutbytet vil bli utbetalt i løpet av november i år.
Kven kan være medlem hos oss?
Alle kundar av Fitjar Kraftlag som er busette i, har eigedom i, eller har registrert forretningsadresse innanfor Fitjar Kommune og delvis Stord- og Bømlo kommune (avgrensa til det tidligare konsesjonsområdet) kan bli medlem.
Det kostar kr 1500, som er eit eingangsbeløp du får tilbake om du skulle velga å melda deg ut igjen.
Som medlem i selskapet får du rett til å delta på årsmøtet og påverka selskapet, og du får rett til kjøpsutbytte i høve til din handel med laget.
Dette betyr at du får kjøpsutbytte på all handel du har med Fitjar Kraftlag. Det gjeld breiband/altibox, elbilladar og straumen du brukar i heimen eller på hytta.
Les meir og bli medlem her: Bli medlem
Ta del i fordelar frå Kraftlaget i framtida du også ved å bli medlem!