Utdeling av ålmennyttige midler 2024
Torsdag 03. oktober blei ein festdag utan sidestykke då den røde løparen vart rulla ut på Fitjar Kultur og Idrettsbygg.
Heile 2.140.000 kroner blei delt ut til totalt 34 lokale lag, organisasjonar og andre gode tiltak, som ein del av Fitjar Kraftlag sitt samfunnsansvar og ynskje om å bidra til lokal vekst.
På programmet sto det ulike lokale kulturelle innslag. Etter den høgtidelege pengeutdelinga blei dei over 200 frammøtte gjestene servert pizza, kake og kaffe, noko som skapa ein hyggeleg og sosial ramme rundt kvelden.
Fitjar Kraftlag er stolte av å støtte lokalmiljøet, og vår visjon er å bidra til positiv utvikling for heile Fitjar!
Saman byggjer me ein sterkare framtid for bygda!
Les meir om kven som fekk støtte i år og søk støtte allereie no til neste års utdeling her: Støtte til ålmennyttige tiltak