Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Regjeringa har lagt fram ein ordning om kompensasjon for høge straumprisar.

Ordninga innbærer at hushaldningar vil få delar av sine straumutgifter tilbakebetalt gjennom nettleiga.

Ordninga vil gjelde frå og med straumrekninga for desemberforbruket, som faktureres i januar. Den vil vare til og med mars 2022.

Det innebærer at hushaldningskundar no får tilbakebetalt 55% av kostnadane over 70 øre per kWh eks. mva. for desemberforbruket. Frå januar til mars 2022 har regjeringa auka kompensasjonsnivåt frå 55% til 80%. Då vil hushaldningskundar få tilbakebetalt 80% av kontnadane over 70 øre per kWh eks mva.

Dette beløpet vil bli trukket frå den månadlege rekninga for nettleiga. Dersom summen overstig den månadlege nettleiga, blir beløpet utbetalt til kundens bankkonto eller bli trukket frå straumrekninga.

Me har fem ulike prisområder for straum i Norge. Den samlede tilbakebetalingen vil avhenge av den gjennomsnittlege månadlege straumprisen i det prisområdet hushaldningen bur. Taket for kompensasjonen er 5000 kWh per månad. Forbruk over dette blir ikkje kompensert. Ordninga gjeld for hushaldningar, og ikkje fritidsboliger eller næringskundar.

Straumprisane har variert mykje i det siste. Ordninga er utforma slik at dersom straumprisen utover vinteren ikkje blir så høge, vil staten heller ikkje kompensere.

Straumprisen har også variert betydelig mellom prisområda. Ordninga er utforma slik at den kompenserer for prisnivået i det prisområdet man bur. Kundane vil får tilbakebetalt basert på gjennomsnittleg pris i området, uavhengig av hvilken avtale man har hos straumleverandøren.

For meir info om kompensasjonsordninga, sjå her: Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Forrige
Forrige

Straumstøtte for januar 2022

Neste
Neste

Kva er eFaktura 2.0 og kva betyr det for deg?