Kva er eFaktura 2.0 og kva betyr det for deg?

Frå 01. desember 2021 må du gje ein generell aksept for eFaktura for å kunne motta eFaktura frå alle som sender rekning til deg. Dette blir også kalt “Ja takk til alle”, “Alltid eFaktura” og “Automatisk eFaktura avhengig av hvilken bank eller betalingsapp du brukar.

Dette må aksepteres i nettbanken din eller betalingsappen din. Me anbefaler at du gjere dette så fort som mogeleg slik at du vil motta faktura frå oss i nettbanken!

Du har sjølvsagt moglegheita å reservere deg mot å motta eFaktura frå enkelte selskap. Dette gjere du i nettbanken din.

Velger du å reservera deg mot å motta eFaktura frå oss i Fitjar Kraftlag, sender me deg faktura per e-post eller på papir.

Det er eit fakturagebyr på 29 kr. på faktura per. post.

Me understrekar at innføringa av eFaktura 2.0 er landsdekkjande og gjeld eFaktura generelt.

Les meir om endringa her: eFaktura 2.0

Forrige
Forrige

Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Neste
Neste

Vedrørende faktura for forbruk i november 2021