Regjeringa vil foreslå innføring av Norgespris på 40 øre
Regjeringa har foreslått "Norgespris", ein alternativ støtteordning som skal være lik for alle prisområder i landet, der privatkundar, inkludert hytteeigarar, kan få fast straumpris på 50 øre/kWh, inkludert moms. Dette er eit alternativ til den noverande straumstøtta.
Norgespris er ikkje ein straumavtale, men eit val for kundar som vil ha fastpris i staden for straumstøtte. Prisen utan moms er 40 øre/kWh, og 50 øre/kWh med moms.
Frå 1. oktober 2025 kan kundar velje mellom:
Å fortsette med straumstøtta, der staten dekkjer 90% av prisen over 93,75 øre/kWh.
Å binde seg til fastpris på 50 øre/kWh i 12 månader.
Det er enno uklårt korleis valet mellom straumstøtte og Norgespris skal gjennomførast og utbetalast.
Om forslaget vert vedteke, kan kundar velje Norgespris frå 1. oktober 2025.
Regjeringa vil og forslå å redusera momsen på nettlegia frå 25% til 15% frå 1. juli, og på sikt fjerne momsen på nettleiga heilt.
Les regjeringa sitt forslag her: Regjeringa sitt forslag