Varsel om prisendring frå 01.04.2025

Frå 01.04.25 justerar me påslaget og månadsgebyret på straumavtalane Spot time for time og Solstraum til privatkundane våre.

Endringar i prisane:

  • Dagens pris: Spotpris + 6,95 øre/kWh i påslag og 39kr/mnd

  • Ny pris: Spotpris + 7,95 øre/kWh i påslag og 49 kr/mnd

Kva betyr dette for deg? Denne justeringa vil medføre ei lita auke i din månadlege straumrekning. Til dømes, dersom du har eit årleg forbruk på
17 000 kWh, vil du betale 290 kr meir i året, noko som svarar til ca. 24 kr ekstra per månad.


Kva utgjere prisendringa pr. månad?

Forbruk år 8000 kWh: 16,67 kr i månaden

Forbruk år 17000 kWh: 24,17 kr i månaden

Forbruk år 24000 kWh: 30 kr i månaden


Spørsmål og svar vedr prisauke på våre samtlege spotprodukter

Når gjeld prisjusteringa frå?
-
Prisjusteringa gjeld frå 01.04.25


Kvifor blir påslag og månadsgebyr satt opp?

-Kvart år vurderar me om inntektene frå straumsalet vårt er i samsvar med kostnadsutviklinga i Fitjar Kraftlag.
Påslaget me legg på straumen går til å dekkje kostnader som handel, elsertifikat, fakturering og drift.


Kva inngår i straumprisen?


-
Straumprisen består av tre delar.
Spotpris: Dette er prisen på straumen som vert kjøpt på kraftbørsen (Nord Pool), og den varierar time for time basert på marknadsforhold. Denne prisen er den same uansett straumleverandør.
Påslag og månadsgebyr: Gebyr som er fastsatt av straumleverandøren og dekkjer kostnadar knytt til handel, fakturering, kundeservice, drift og andre faste utgifter.

Kven styrer straumprisen?

-Det er marknaden som bestemmer straumprisane. Dei vert styr av verforhold, tilbod og etterspurnad.
I Noreg har me eit regulert kraftmarknad der all kjøp og sal skjer gjennom kraftbørsen Nord Pool.
Når timesprisane for neste dag vert sette av Nord Pool, gjeld dei same prisane for alle straumleverandørar.

Kontakt oss gjerne på tlf 53457600 eller kraft@fitjar-kraftlag.no viss du har spørsmål.

Forrige
Forrige

❗️ Viktig informasjon til våre Altibox kundar! ❗️

Neste
Neste

Regjeringa vil foreslå innføring av Norgespris på 40 øre